Meny og prisar

Maten me serverer, er i størst mogeleg grad produsert på garden eller i nærmiljøet. Det reduserer behovet for transport og gir mindre ureining. Samtidig har me betre kontroll med råvarene. Desse skal være av beste kvalitet med mykje og god smak. 

For å oppnå dette føl me råvarene fra jord til bord og tenkjer helskapleg. Lammekjøtet kjem direkte fra fjellbeite her i distriktet. Me nyttar alt frå eigen gard. Vi deltek i jakt og sørgjer for mykje av viltkjøtet sjølve. Eple, pærer og plommer vert henta i eigen frukthage. Frukt og bær vert nytta ferske eller hermetiserte, og er hovudingrediens i dei beste Hardangerdessertar.

Eplesafta som kvar haust vert pressa på garden vert servert til måltida, og er få forunt å smaka i dag. Den er ikkje tilsett sukker eller konservering, og har ein 100% ekte smak. På drikkekartet står importert vin, Hardangersider eller heimelaga eplesaft. Elles alle skjenkerettar.

Meny

Me kan laga eit rikt utval av ulike rettar etter dykkar ynskje, lunsjrettar og selskapsmenyar – her er nokre eksempel :

Meny 1

Forrett: Heimalaga røykelaks frå Fykse Gard servert med blomkål og agurk rømmesaus, heimalaga flatbrød og bladreddik.
Hovudrett: Hjortesteik servert med røykt bacon frå Fykse gard, rosenkål, smørdampa gulrøtter og kokte poteter. Viltsaus.
Dessert: Heimalaga eplestrudel med nøtter, rosiner og kanel servert med iskrem og vaniljesaus.
Kr 575,-

Meny 2

Forrett: Hardanger "fois gras"- heimalaga leverpatè av økologisk kalkun frå homlagarden servert med rucollasalat og pistasjnøtter. Rødvin-tyttebærsaus.
Hovudrett: Urtesteikt lammelår marinert i sider og ramsløk, servert med kålrabi, eple-timian chutney, smørdampa asparges og gulrøter, fløytegratinerte poteter. Timian-rosmarinsaus.
Dessert: Heimalaga eplesorbet med epler frå Fykse gard, servert med luftig bringebærskum
Kr 565,-

Meny 3

Spekemat frå fykse servert med cantaloupemelon og heimalaga flatbrød.
Tradisjonsrik Fyksetallerken med salta og røykt lammebog, fyksekorv, kålrabistappe, kokte poteter vendt i smør og persille. Servert med heimalaga flatbrød.
Hermetiserte plommer frå fykse dervert med krem.
Kr 545,-

Drikke

Til maten kan me servera heimepressa eplesaft og lokal eplesider. Og sjølvsagt mineralvann, pils, lettøl og vin.
Me brukar vinar som vert anbafalt av vår vinkelner, som står fint til maten.
Om De har andre ynskjer angåande meny, er det berre til å ta kontakt med oss på Hardangerfjord Hotel, så fiksar med det!
Håpar å sjå dykk på Fykse.

Hardangermeny 

Gamlastovo Gardsrestaurant er medlem av Hardangermeny – "smaken av fruktbare Hardanger"

Målet til prosjektet/organisasjonen er å auka bruken av lokale råvarer og at serveringsstadane skal tilby ein meny som gjenspeglar Hardanger sine mattradisjonar.

Like viktig som å ta vare på den gamle matkulturen, er det å utvikla nye rettar av lokale råvarer.

Hardangermeny held kurs for kokkar og produsentar. Dette motiverer, og aukar kunnskapen om Hardanger sin mattradisjonar og råvarer. Me i Gamlastovo Gardsrestaurant gjer alltid vårt beste til at gjestene våre skal få med seg ei god matoppleving i tillegg til gode smakar.

Epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it. Telefon (+47) 97 16 85 11 Nettside: Logolink